Hilde sin hage

Hilde sin hage Har du draumar og ønsker for hagen din, men veit ikkje heilt korleis du skal gå fram for å få det slik? Eg håpar å inspirere og dele hageglede og kunnskap!

Og kan hjelpe deg med planlegging om du vil det. Bak Hildesinhage står eg, Hilde Blokkum, ein landskapsarkitekt med lidenskap for hage og blomar. Eg har jobba som landskapsarkitekt i 17 år, og flytta heim til Kvinnherad i 2019 mykje fordi eg gjerne ville ha min eigen hage. Eg har vore glad i hage og blomar sidan eg var lita, og har alltid likt å teikne, så då eg fant ut at det fantes eit yrke der du kunne kombinere desse interessene vart det heilt naturleg å følge den vegen, og eg vart landskapsarkitekt. Jobben består stort sett av planlegging av ulike anlegg på ein skjerm, så hage- og naturoppleving er viktig for meg å bruke fritida mi på.

starta på instagram våren 2019 då eg flytta frå Stavanger heim til Sunnhordland, for å dokumentere kva eg gjer i hagen min, og eg starta ein hageblogg hausten 2020 (sjå eiga side over). Eg veit at hagen kan tilføre livet noko vakkert, gje oppleving av natur og rom for kreativitet og meditasjon. Eg har stor plantekunnskap og praktisk erfaring, og dette har eg lyst å dele med andre. Hausten 2023 såg hildesinhage – hagedesign dagens lys, og eg vil gjerne hjelpe deg på vegen mot drømmehagen!

24/10/2026

Eg er veldig glad for at eg får hjelp til dette prosjektet! Hadde ikkje klart dagens arbeid uten eit par hender til. Og veldig kjekt å bruke nokre timar i hagen med mor mi. No er det bare litt arbeid igjen med avstiving av taket før det er klart for glas.
- - -

No er alle georginene tatt opp hos meg. Det er ikkje sikkert det blir frost på fleire veker her enno, men eg har mange g...
18/10/2026

No er alle georginene tatt opp hos meg. Det er ikkje sikkert det blir frost på fleire veker her enno, men eg har mange georginer, og ville heller bruke timane som krevdes i sol og litt varme enn kulde og potensielt regn og mørke 🤣

Eg lar dei stå slik som på bildet på golvet i kjellaren til dei har tørka litt, så legg eg avispapir i botnen av kassen og over knollane, og stablar kassane oppå kvarandre. Slik tar dei lite plass 😊 Og eg er heldig som har ein kjølig kjellar (som ikkje frys), som er perfekt for oppbevaring over vinteren.

17/10/2026
På onsdag skal eg ha eit nytt foredrag for mitt lokale hagelag Kvinnherad Hagelag Kor og når?Kvinnherad golfhus, Onarhei...
11/10/2026

På onsdag skal eg ha eit nytt foredrag for mitt lokale hagelag Kvinnherad Hagelag

Kor og når?
Kvinnherad golfhus, Onarheimsvegen 183
14. oktober kl. 19

Medlemmar kr. 50,- Andre kr. 100,-

Gledar meg til å dele inspirasjon og kunnskap med lokale hagefolk!

09/10/2026

No er det klart til å starte på montering av sjølve drivhuset! Skal òg ordne litt rundt muren, så det blir nok litt veksling mellom montering og diverse anna. Eg gledar meg!
- - -

07/10/2026

Godt me har maskiner til tungt arbeid!
- - -

02/10/2026

Muren til drivhuset er ferdig!

Etter nokre timars arbeid i sola i dag fekk me siste skiftet på plass, alle mål korrekte og fylt ferdig med betong.
- - -

Byr på nokre glimt frå ein solfylt septemberhage 💚 Det er så herlig med eit par dagar med sol og litt anna hagepusling e...
30/09/2026

Byr på nokre glimt frå ein solfylt septemberhage 💚 Det er så herlig med eit par dagar med sol og litt anna hagepusling enn øktene med drivhusprosjektet.

27/09/2026

Phu! Det vart løfta mange kilo blokker og betong i går 😅 Kjenner det i kroppen i dag, men gledar meg over framgangen.
- - -

Adresse

Valen
5451

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Hilde sin hage legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Hilde sin hage:

Snarveier

Del