Gimle Planteskule

Gimle Planteskule Gimle Planteskule har allsidig produksjon med eit stort plantesortiment, men har størst produksjon av surjordsplanter (Rhododendron, Pieris m.m.).

Laurdag 29. august var siste opningsdag i utsalet for denne sesongen. Me vil takka alle som har vore innom oss og ynskja...
02/09/2026

Laurdag 29. august var siste opningsdag i utsalet for denne sesongen. Me vil takka alle som har vore innom oss og ynskja ein riktig god og fin haust vidare!

Sjølv om hagesenteret no er stengt er de likevel velkomen innom oss på kontoret om de skulle trenge jord, gåvekort eller anna - eller om de har spørsmål de treng svar på!

Busken på bilete er ein av mange favorittar , Svarthyll ‘Black Beauty’ 😀

25/08/2026

Sola skin, sommarfuglane surrar og det blomstrar på Gimle 🌸🦋☀️ Velkommen til den siste veka med salg og åpent hagesenter! Åpent 10-16 vekedagane og 10-14 på laurdag.

18/08/2026

Litt sommarkjensle i dag!
Me kosar oss i hagesenteret og har framleis masse fine planter med 50% rabatt.
1. september stenger vi utsalet for i år.

14/08/2026

Rød Bank-Id brikke funne på Gimle i dag.

12/08/2026

Det er haustsal på Gimle ut august! Masse planter att med 50% rabatt.
Vi har og fått påfyll av nye frukttre til ordinær pris.
NB! I år stenger vi hagesenteret vårt
1. september.

06/08/2026
Då har me allereie bikka august - og nytt av året er at det blir vår siste opningsmånad denne sesongen. Me køyrer difor ...
01/08/2026

Då har me allereie bikka august - og nytt av året er at det blir vår siste opningsmånad denne sesongen.

Me køyrer difor salg og 50% på dei fleste varer.

Opningstider i august:

Tirsdag - fredag: 10 - 16
Lørdag: 10 - 14
Søndag og mandag: stengt

August er ein glimrande plantemånad, og det er framleis mykje flott å få tak i av buskar, stauder og tre.

Velkomen innom! 🏡

🌸 Har du oppdaga blomsterkornell?Cornus kousa 'Wieting's Select' er eit prydtre som har noko å by på gjennom nesten heil...
30/06/2026

🌸 Har du oppdaga blomsterkornell?

Cornus kousa 'Wieting's Select' er eit prydtre som har noko å by på gjennom nesten heile året. På forsommaren er treet dekt av store, kvite «blomar» – men visste du at det eigentleg ikkje er blomane du ser? Dei kvite blada er høgblad som lokkar til seg pollinerande insekt, medan dei ekte blomane er dei små, grøne blomane i midten.

🍓 Om hausten kjem dekorative, raude frukter som liknar små bringebær. Dei er etande, men blir oftast overlatne til fuglane.

🍂 Samtidig skiftar bladverket til nydelege nyansar av raudt, oransje og purpur før lauvet fell. Også den vakre, flassande barken gjer treet til eit blikkfang om vinteren.

Eit elegant og lettstelt tre som gir hagen opplevingar gjennom alle årstidene.

15/06/2026

Hjarteforma blad, søt sommarbløming og ei mjuk summing av bier. 🌳💚

Lindetreet er ikkje berre vakkert - det er òg ei glede for pollinatorar og ein skatt for det biologiske mangfaldet.

Spiraea japonica 'Magic Carpet' er ein kompakt spirea med flott bladverk, rik bløming og god hardførheit.Tidleg på våren...
09/06/2026

Spiraea japonica 'Magic Carpet' er ein kompakt spirea med flott bladverk, rik bløming og god hardførheit.

Tidleg på våren får den friske, gyllengule blad som gradvis får varme tonar av limegrønt og kopar. Midt på sommeren er den dekka av eit hav av intenst rosaraude blomar som tiltrekk bier og sommerfuglar. Resultatet er ei plante som gir liv, kontrast og fargeprakt frå tidlig vår til langt ut på hausten.

'Magic Carpet' er nærmast skapt for travle hageeigarar. Den krev minimalt med stell, tåler norsk klima godt og held ein god, tett vekst uten mykje beskjæring. Med si låge høgde passar den perfekt i bed, skråningar, som kantplante eller i større krukker.

Adresse

Vikøyvegen 340
Norheimsund
5600

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Gimle Planteskule legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Snarveier

Del